Sytten forventningsfulle førskulebarn sit samla rundt bordet på avdeling Flyndrefant i Troll-myra barnehage. Om ein halvtime skal dei spasere dei knappe 120 metrane bort til familien Sande.

– Vi skal syngje for Adele Elvira, seier Hermine.

Songstunda vert ei av fem gode gjerningar førskulebarna gjer på russeklubb denne vinteren.

– Ein annan gong skal vi på sjukeheimen, fortel Mathilde.

– Der skal vi syngje «Ute på bryggekanten», informerer Johannes.

Frå før har barna unnagjort éi av dei fem gode gjerningane.

– Vi gav lys og lysestakar til Herøy produksjon, fortel Levi.

Stearinlysstumpane vert brukte til å lage nye tennbrikettar.

Vigdis Høydal Sande opnar inngangsdøra til det nye tilbygget til familiens bustad. Kort tid etter kjem SMA-sjuke Adele Elvira (2) til syne i døropninga. Gjestane må love å halde seg på utsida, og dei må passe på å ikkje hoste eller nyse inn i rommet, for då kan Adele bli alvorleg sjuk, forklarer Vigdis.

Dei små observerer den vesle jenta og stiller mange spørsmål.

Vigdis forklarer at sjølv om Adele ikkje kan snakke eller bruke kroppen sin noko særleg, er ho heilt frisk i hovudet.

– Tenk dykk at de står med hendene hengande rett ned. De har lyst til å lyfte dei, men det går ikkje. Sånn er det for Adele, seier Vigdis.

Dei lyse, klare barnerøystene gjer openbert inntrykk på Adele, som smiler forsiktig til koret framfor seg. Minst fem songar syng dei. Etterpå byr Adele, mamma Vigdis Sande og storesyster Synne dei på is.

– Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Det var veldig rørande, seier Vigdis til Vestlandsnytt etter minikonserten.

– Vi fann ut at vi skulle gjere noko nytt med russeklubben i år, seier pedagogisk leiar Veronica Nærø Bjørlykke.

Dei fem gode gjerningane passar godt med barnehagen sin visjon, «Med hjarte for barna», som handlar om å møte barna med kjærleik, omsorg, respekt, anerkjenning og oppmuntring.

Ein annan fredag skal russeklubben levere brukte kle og leiker til «Klede til Glede».

– Den femte gode gjerninga er å seie noko fint om kvarandre, seier pedagogisk leiar Linda Harnes.