Hausten 2014 starta jordskifteretten behandlinga av ei sak om deling av 3,6 mål jord i Torvik. Fyrst vel tre år seinare kunne Romsdal jordskifterett sette endeleg punktum for saka med fastsetting av vedtekter for Notahaugen grunneigarlag.

Kravet om jordskiftesak blei framsett så tidleg som i 2012, og jordskifterettsleiar Olav Torvik si rolle som ein av partane var årsaka til at saka måtte gå for jordskifteretten i Romsdal.

Gammalt notlag

Den omstridde eigedomen blei liggande igjen som ein sameigeteig mellom fire bruk etter at innmarksutskiftinga i Torvik blei avslutta i 1872. Notlaget i bygda hadde naustet sitt på Notahaugen og brukte vollen til tørking og vedlikehald av nøter. Drifta av notlaget blei avslutta i 1945, men restane av det gamle naustet, kalla Notanaustet, står framleis på eigedomen.

I tillegg til å regulere forholdet mellom sameigarane om jorda, måtte retten også bruke mykje tid på å få avklara eigedomsretten til naustet. Her var det ein utanforståande part som hevda han eigde eller hadde bruksrett til naustet etter å ha kjøpt eigedomen til ein tidlegare medeigar av sameiget. Retten kom imidlertid til at naustet ikkje var eit eige objekt, men måtte sjåast på som ein del av sameiget.

Ulike interesser

Utgangspunktet for jordskifteretten si behandling var eit krav frå ein av sameigepartane om at det gamle sameiget Notahaugen måtte oppløysast. Dette skjedde etter ein årelang diskusjon mellom sameigarar som hadde hatt ulike interesser knytta til eigedomen si framtid.

Slik saka blei framstilt for jordskifteretten ønskte fleire av sameigarane å oppløyse sameigetilstanden slik at kvart enkelt bruk kunne få utlagt eit areal til eineeige for disponering etter eige behov. Spørsmålet om utnytting til naustføremål har vore diskutert mellom sameigarane, men utan å ende opp i noko som alle kunne vere med på.

Ein av partane ønskte å nytte eigedomen til bustad- og naustføremål. Ein annan sa seg best tent med at teigen kunne bestå som eit unytta naturområde. Fleire av partane ønskte å oppløyse sameigetilstanden slik at kvart enkelt bruk kunne få utlagt eit areal til eineeige og bruk etter behov.

Ville ikkje forhandle

Av rettsboka går det fram at partane ikkje ønskte å vere med på nokon av alternativa som jordskifteretten la fram. Eitt av desse var ei frivillig utkjøpsløysing som gjorde at det 3,6 mål store sameiget til slutt kunne bli eigd av to eller ende opp som eit eineeige.

Sidan det ikkje var noko ønskje mellom partane å gå inn i konkrete forhandlingar, fann jordskifteretten det nødvendig å lage eit regelsett for korleis slike prosessar kan handterast av sameigarane i framtida.

Urasjonelt å dele opp

Jordskifteretten fann ikkje å kunne imøtekome det primære ønskjet om å dele eigedomen fysisk etter jordskiftelova. Dette meinte retten for det fyrste ville gi små og urasjonelle einingar som ville bli vanskeleg å utnytte. Dessutan såg retten det uheldige med at ein enkelt grunneigar kunne kome i posisjon til å stenge for ei utnytting som dei andre ønskte som til dømes bustadføremål. Dette ville etter retten sitt syn vere å gi ein enkelt grunneigar for mykje makt på kostnad av dei andre.

Retten kom difor til at det måtte lagast vedtekter som sikrar at forholdet mellom sameigarane for framtida kan regulerast gjennom fleirtalsvedtak.

Olav Torvik blei utpeika til å vere leiar av grunneigarlaget fram til fyrste årsmøte er halde.