– Vi er svært nøgde med denne avtalen. Det er veldig bra at dei lokale bankane er med på å støtte dei mindre lokale idrettslaga i kommunen. Moltustranda er avhengig av å ha eit sterkt idrettslag. Det er eit samlingspunkt for bygda.

Dette fortel marknadsleiaren for Moltustranda IL, Stig Moltu, i det han set seg ned på kontoret til Per Ronald Knudsen for å signere ein treårig sponsoravtale med Sparebanken Møre.

Oppgradering og nye satsingar

Støtta som dei får gjennom avtalen vil vere med å sikre vidare drift av idrettslaget.

– I dette tilfelle bidreg det også at vi får oppgradere anlegget vårt. Vi føler vi har tapt stort når det kjem til anlegg i forhold til andre idrettslag, forklarar Moltu.

I fyrste omgang ynskjer Moltustranda IL å «sete spada i jorda» for kunstgrasbane i 2018.

– Vi har fått noko støtte og er på god veg med resten av det finansielle.

Samstundes med kunstgrasprosjektet vil dei tilby friidrett til born mellom 6 og 12 år. Det skal også etablerast ei sykkelgruppe og eit utvida tilbod for trim og aktivitet.

– Vi siktar på å få til eit trimrom i 2018, seier Moltu.

Han slår fast at idrettslaget skal tilby eit breitt tilbod for alle.

Viktig å støtte lokalsamfunnet

– Vi i Sparebanken Møre ønsker å støtte det som skjer i lokalsamfunnet. Vi har ikkje hatt noko direkte sponsoravtale med Moltu IL før. Det er veldig kjekt å få vere med å utvikle idrettslaget, seier banksjef, Per Ronald Knutsen, i det han signerer papira og tek Stig i handa.

Som sponsor stiller dei seg positive til planane som Moltustranda IL har lagt.

– Det er viktig å skape gode treningsforhold for folk så alle har gode føresetnadar for å trene i lokalmiljøet, utdjupar Knutsen.

Han siktar til at idrettslaget også er ei positiv pådrivar for kultur gjennom Mosjonsfestivalen, og at støtta skal sikre fleire av dei.

– Vi er ein samfunnsbyggar. Det er viktig å støtte tilbod som som kan sørgje for å bidra til tilflytting i dei mindre bygdene.

Dette er noko begge partane er breitt samde i.