Plan- og byggenemnda i Herøy kommune fekk torsdag ein status på det førebuande arbeidet med bygging av ny brannstasjon i Fosnavåg og fleirebrukshall i Einedalen. For begge prosjekta blir det no lagt opp til å utlyse ein tilbydarkonkurranse mellom aktuelle entreprenørar.

For brannstasjonen er det ei spesiell utfordring at ein enda ikkje veit kva tomt stasjonen skal byggast på. Noverande tomt har viste seg å ikkje vere eigna til føremålet slik den er etablert på den gamle bosfyllinga på Eggesbønes.

To aktuelle tomter

Etter å ha sett nærare på ein del alternativ rundt om på Bergsøya, har ein ifylgje eigedomsleiar Robert Myklebust festa seg ved eit par alternativ som verkar spesielt interessante.

Myklebust viser til at tomtevalet bør avklarast før ein går ut med konkurranse om prosjektet. Difor vil val av brannstasjonstomt kome opp som eiga sak.