– Det gjer så godt å få tilbakemeldingar frå folk som har vore på staden, og frå mottakarane sjølve, om at arbeidet verkeleg hjelper. Dessverre vil det framleis vere eit behov for hjelp i fleire år framover, for mange lever under svært utfordrande forhold.

Det seier Gunhild Sandanger, som gjennom Vestlandsnytt har gjort det til ein vane å rapportere og informere om hjelpearbeidet.

– Sjølv er eg no så langt opp i åra at eg må redusere aktiviteten litt, men heldigvis finst det mange gode hjelparar. Til dømes Ingvald Nupen og Martin Krecere, to av dei som no trekkjer i trådane. Og så er det mange, mange andre som har vore eller er faste bidragsytarar, anten vi snakkar om gjenstandar og pengar, eller praktisk arbeid, seier Sandanger.

– «Nei» er nærast eit framandord når vi har spurt etter hjelp, smiler ho.

Fattige på landsbygda

Hjelp Latvia syter for at varer og bruksgjenstandar, og pengar, kjem eldre og fattige i fleire bygder i Saldus-området til nytte. Det heile vert organisert via ein mottaksstasjon med kjøken der Elina Krecere har styringa.

– Alle varene frå i fjor har blitt delte ut. Vi er glade for at alt har kome ut til folk som har behov for det. Takk for alt som har blitt gitt i kjærleik, skriv Elina Krecere i ein e-post til «Hjelp Latvia».

Her vert det fortalt om ei nyttårssamling der fattige fekk kome på kafé og få seg ein god middag, samt eit par små gåver.

I løpet av 2017 har det også vore delt ut nødvendige varer til fattige familiar. Også dukar (juledukar), pynt, hermetikk, bleier og ei rekkje andre praktisk viktige varer som kjem folk i fleire aldersgrupper til gode.

– Lønsnivået i Latvia er på berre rundt ein tiandepart av det vi har her heime. Men varene kostar likevel ikkje mykje mindre enn i Norge. Behovet er som nemnt framleis stort, og vi satsar på nye sendingar. Det er ei sending rundt hjørnet i desse dagar, seier Gunhild Sandanger. Ho rettar nok ein gong ei stor takk til alle som er med på å halde hjula i gang for organisasjonen.