– Vi jobbar med å få på plass guida turar med båt, fjellturar, fisketurar, museum med meir. Målet er at alle aktivitetar og opplevingar vi tilbyr skal vere bookbare og føreseielege for besøkande, seier Henning Karlsen, som er ein initiativtakarane til føretaket.

Han og to andre eigarar er for tida i startfasen med etableringa av booking- og aktivitetsbyrået.

– Vi planlegg å ha ope kontor i eit lett tilgjengeleg lokale i Fosnavåg sentrum, slik at vi enkelt når ut til folk, seier han.

Men før det nyoppretta selskapet kan tilby noko som helst, er dei nøydde til å knyte til seg samarbeidspartnarar.

– Per dags dato jobbar vi med å få på plass avtalar med selskap og personar som kan tilby guida turopplevingar i Fosnavåg. Vi søker også etter ein person som skal stå for den daglege drifta, seier Karlsen, som oppmodar interesserte om å ta kontakt.

Ikkje nok å tipse

Frå før driv Karlsen bemanningsbyrået Verto Norge AS med base i Fosnavåg. Jobben inneber mellom anna at han hentar arbeidskraft til vårt distrikt.

– Når dei kjem treng dei å få ein presentasjon av kva området har å by på, elles vil dei ikkje bli verande. Det same gjeld for turistar. Det er ikkje alltid nok å tipse dei besøkande om kvar dei kan dra i nærleiken. Mange ønskjer også organiserte opplevingar med ein guide som kan vise veg, rettleie og informere undervegs, medan dei til dømes er på tur på sjø eller fjell, på utstilling eller byvandring, seier Karlsen.

– Stort potensial

Han er ikkje i tvil om at Herøy har mykje å by på. Faktisk er her om lag like mange moglegheiter som på turistdestinasjonen Lofoten, meiner han. Det gjeld berre å utnytte potensialet.

– Plasseringa er også god, med kort veg til flyplass. Potensialet er veldig stort, men nokon må dra det heile igang, seier Karlsen.

Han håper initiativet kan bidra til at fleire tør å satse.

– Vi ønskjer at Explore Fosnavåg kan bidra til at fleire vil satse på ulike opplevingstilbod og starte eigne bedrifter innan reiseliv, seier han.

josefine@vestlandsnytt.no