Mange trudde kanskje nyetableringa i kjølvatnet etter Vika Kro ville resultere i opning av ein «kiosk» med sjokolade og potetgull. Der tok dei feil.

– Vi er ein restaurant i ordets rette forstand, med ein fyldig a la carte-meny og i tillegg nokre spesialitetar. I vårt sortiment er det også eit rikt utval av vin, seier nestsjef Refat Ghazi ved Naboen Restaurant.

Vel ei veke etter opninga er det mange nyfikne som har vore innom. Responsen let ikkje vente på seg:

– Ja, det er nokre veldig fine tilbakemeldingar vi har fått, og eg må seie det er ei kjekk kundegruppe, seier Ghazi til Vestlandsnytt.

Nokre tilpassingar til det lokale behovet, samt nye tilbod, er også på trappane:

– Det er enkelte som saknar det å kunne stikke innom og kjøpe seg mat i farta, til dømes dei som skal om bord i ferja. Det kan vere enkle rettar som baguettar eller pølser. Det skal vi få på plass. I tillegg jobbar vi no for å knyte til oss folk som kan køyre ut pizza på Gurskøya, opplyser Refat Ghazi.

Lokala ved ferjekaia er nyoppussa. Eigarane valde å avvente satsinga i påvente av skjenkesøknaden. Like før jul vart det gitt skjenkeløyve, og dermed satsa familieselskapet.

I hovudsalen er det som ein vanleg kafè eller restaurant. I tillegg finst det eit anna lokale med eit tjuetals plassar.

– Det romet kan nyttast av alle, men passar kanskje best til dømes for ein familie eller eit lite firma som vil ha middag eller rett og slett samle seg litt avskjerma. Det er berre å ta kontakt, seier Refat Ghazi til Vestlandsnytt.

Spesialiteten til Naboen er italiensk mat. Men menyen er generell , og med eit stort utval, også av meir typiske norske rettar. Refat Ghazi seier dei er lydhøyre for publikum sine innspel og gjerne vil justere seg endå meir inn mot det lokale behovet.

Naboen Restaurant har frå før ei systerbedrift i Ulsteinvik. Lokalet har 72 plassar, og vil ha tre til fire tilsette.

PÅ KAFE: For Torstein Helland Hansen og Ingrid Omre var det onsdag første gongen dei vitja Naboen. Dei to venta på ferja som skulle frakte dei til Voksa. Foto: Endre Vorren
TIDLEGARE VIKA KRO: Lokalet ligg på alle vis strategisk til. Mange uttrykjer håp om at dette vert eit varig tilbod i landsbyen. Foto: Endre Vorren