Silda sig sakte men sikkert sørover mot gytefelta på Møre, og ved sildelaget i Bergen har dei tru på at det skal bli meir aktivitet på sildefelta her sør i år enn i fjor.

-Ja, det får vi håpe. I fjor var det fleire årsaker til at det ikkje blei fiska noko særleg med sild her sør. Denne vinteren har vi tru på at det skal bli meir, seier salsleiar Kenneth Garvik ved Sildelaget i Bergen.

Mykje sild på veg

Det er fyrst og fremst kystbåtane som håper på at silda skal kome inn på dei grunne Møre-felta, slik at ho blir lettare å fangste på for dei som ikkje kan gå ut i havet. I fjor vinter blei fyrste silda på Nordmøre teken 9. januar, og dei som følgjer med på sildevandringa sørover forventar at tidleg neste veke vil fangstinga vere i gang.

Om det blir noko sildeeventyr på Møre, kan Garvik ikkje svare på, men håper gjer han ilag med alle andre.

-Det er vanskeleg å vite, men vi veit at det er registrert mykje sild ute i havet. Viss denne silda kjem inn til kysten så kan det bli bra, men ein veit aldri kva veg silda tek. Sild som kjem inn frå havet er òg vanskeleg å registrere då ho går djupt og spreidd før ho kjem inn på grunnare vatn, seier Garvik.

I gang neste veke

Etter at silda har stått vest av Røst, trekte den inn til områda utanfor Træna i etter måten store mengder sist veke. Fredag blei den fyrste store sildedagen for kystflåten med om lag 9000 tonn fordelt på eit førtitals fangstar. Garvik fortel at ein stor flåte no følgjer silda si vidare vandring sørover.

-Vi håper og trur at neste veke vil silda vere framme på gytefelta på Møre. Då vil fiskeriet vere igang, seier han.

Ifylgje Garvik var det fleire årsaker til at det ikkje blei noko særleg sildefiske på Møre i fjor vinter.

-I fjor hadde vi ein sesong med fallande prisar, og interessa for sild var veldig laber. Dermed slutta fiskeriet av seg sjølv, og det var heller ikkje dei store mengdene som kom inn, forklarar han.

Ut på tokt

Neste veke startar òg det faste forskingstoktet som herøybåtane Kings Bay og Eros er innleigde til å vere med på. Saman med ein båt frå Austevoll går båtane ut frå Ålesund for å leite etter sild både ute i havet og på kysten.

nærmar seg: Silda synest å vere bra i rute samanlikna med i fjor då fyrste sildefangsten på Møre blei teken 9. februar. Sildelaget forventar at fisket vil vere igang kanskje tidleg neste veke.