– Eg gler meg til å bidra, og synest det var kjekt då de spurde etter mine tenester.

Det seier Knut Arne Høyvik, som frå og med fredag vert å finne med fast spalte, fredagar. På baksida, under vignetten «Til sist», vert Høyvik å finne med sitt karakteristiske skråblikk.

Mange kjenner Høyvik frå spalten hans i Regionavisa.

Haddal-busette Høyvik budde mange år i Myrvåg og kjenner mykje folk i Herøy og Sande etter eit langt liv i fiskeri og fiskeriorganisasjonar.

– Eg kjenner meg heime mellom folket i Herøy og Sande, og håpar lesarane tek bra imot mine betraktningar. Stundom treff eg blink, stundom ikkje, seier vår nye spaltist.