Hallebygdaren skriv til kommunen om heile 18 brev han har skrive til Sande kommune, der han ikkje har fått svar. Det har skjedd dei siste ti åra.

– Det er sjølvsagt opp til Sande kommune sjølv å handsame meg og andre innbyggjarar i kommunen som folk. Etter forvaltingslova har eg rett på svar. Dette har pågått i årevis, og opplegget til kommunen ser ut til å fortsette i 2018, skriv Storegjerde til kommunen.

Han konkluderer med «lovstridig sakshandsaming» Sjølv når han ber om lovheimel for at kommunen ikkje svarar, unnlét kommunen å svare, i fylgje Storegjerde.

– Slutninga som kan dragast ut av saka om Storehaugen er at kommunen ikkje bryr seg om min person eller kva eg driv med, ei heller lovene, skriv han. Storegjerde purrar no kommunen om å få svar på eit brev datert 12. januar, der han ber om avklaringar på om han kan nytte ein bestemt teig på ein akseptabel måte. Kommunen har «sendt advokat» på Storegjerde, men dette er det kommunen sjølv som må ta tak i, meiner han.