– Ungdom gir meg like mykje tilbake som eg forhåpentlegvis gir til dei. Eg storkoser meg her. Det er ein knakande fin gjeng å jobbe med.

Dette fortel Ira Ulvan medan ho breser opp ei panne med pizzafyll. Det er fredag kveld og full aktivitet på fritidsklubben i kjellaren på kulturhuset, noko som ikkje er ukjent for gjengen som driftar fritidstilbodet.

– Sidan vi opna nye lokale har vi gått frå 10 til rundt 50 faste besøkande, fortel ei stolt Karoline Velsvik Sivertsen, som står ved sidan av Ulvan og skjer opp bagettar.

Roser innsatsen

Mona-Grethe Ryssevik, seksjonsleiar for barn og ungdom, peikar på innsatsen til dei tilsette og ikkje minst frivillige som Ulvan som grunn for at fleire ungdommar ser ut til å nytte seg av klubblokala.

– Vi har ein heilt fantastisk gjeng som jobbar her. Eg trur det er grunnen til aukande besøk. Når kjekke folk samlast, blir det kjekt å vere der, slår ho fast.

Pratar mykje med ungdommen

Når innsatsen til klubbdrivarane ikkje går med til betening av kiosken blir det mykje prating, speling og sosialt samvære.

– Eg brukar å prate mykje med ungdommane. Med meg kan dei prate om alt mellom himmel og jord, smiler Ulvan.

– Eg er berre glad for at ungdom vil prate, legg ho til.

Ulvan får så skryt av Sivertsen for hennar frivillige innsats på klubben.

– Ho er ein knupp, seier ho, og smiler.

– Vi er her ofte

Inne i lokala til fritidsklubben møter vi nokre av dei som nyttar seg av tilbodet til fritidsklubben.

– Vi er her ofte. Det er bra arrangert. Her er mange folk og det er meir sosialt enn å sitte heime, slår dei fem ungdommane (bildet) fast.

Dei omtalar fritidsklubben som ein kjekk møteplass der ein kan drive med alt ifrå sportslege aktivitetar og dataspel til berre å sitte og prate.

– Så har dei nauta gode bagettar, skyt Gard Leinebø (13) inn og flirer lurt.

Vil utvide tilbodet

Til slutt kan Mona Ryssevik skilte med nok ei gladnyheit.

– Vi jobbar for tida med å utvikle tilbodet rundt fritidsklubben så vi kan nå endå fleire ungdommar med ulike interesser, avsluttar ho.