Føremålet med turen er å sjå om det kan vere noko å lære av svenskane mellom anna når det gjeld organisasjonsutvikling og andre område innafor den offentlege forvaltinga der svenskane er komne langt. Dette er ting det for tida blir jobba mykje med på organisasjonsplanet i Herøy kommune.

– Sverige jobbar godt på området, og rådmannen si leiargruppe vil prioritere denne turen for si leiarsamling i 2018, forklarte rådmann Kopperstad.

Ordførar Arnulf Goksøyr var raskt frampå og mana til nøkternheit med tanke på reising.

– Når vi har pålagt etatane våre å spare ti millionar kroner, så bør vi vege veldig nøye kva vi skal reise og bruke pengar på. Eg blir i alle fall ikkje med, slo Goksøyr fast og fekk støtte frå Svein Gjelseth.

Det var heller ingen andre i formannskapet som sa seg spesielt interesserte i å vere med på svensketuren.

Rådmannen kunne for sin del ikkje sjå noko konflikt mellom ein slik tur og den generelle sparinga dei er i gang med.