Det sa Ove Myklebust (Sande vest) då kommunestyret i Sande tysdag sende saka om skulestrukturen ut på høyring.

Myklebust påpeika at ein gjerne kan sjå dei korte linjene og kostnadskutt. Men ser ein lenger på det, handlar det også om bygdene sin eksistens, om arbeidsplassar og framtidstru.

Nettbasert undervising?

– Vi kan starte med nett-assistert undervising. Sande er frå før ein bidragsytar i Global-skulen, som driv slik verksemd, sa Myklebust frå talarstolen.

– Det vil kunne halvere talet på tilsette i dei to skulane her ute, la han til.

Camilla Auflem Vik (Ap) omtala det som ei vanskeleg sak, og minna om at Fylkesmannen har pålagt kommunen å få ned driftskostnadene. Ho bad politikarane om å vere bevisste på sitt ansvar, og vere budde på å ta dei tunge avgjerslene.

Omsynet til elevane viktigast

Olav Myklebust frå Sp repliserte at han håpar ein sleppå erstatte pedagogen med ein datamaskin.

– Her er det dessutan så låge elevtal at vi kan risikere at skular vert utan elevar, la han til.

Likevel var Myklebust også skeptisk tilå frakte elevar sjøvegen. Han bad likevel at omsynet til elevane veg tyngst.

Frå Ap påpeika Trond Torset at det har vore nedleggingar før, og synte til Skredestranda og Haugsbygda.

– Nettskule kan vere greitt nok, men då tenkjer ein ikkje på den sosiale biten, sa han.

Kåre Fjørtoft (Frp) sa dei hadde bestemt seg for at det er uaktuelt å sende elevar i småskulen (1-4) sjøvegen til skule.

– Dei på mellomsteg og i ungdomsskule reiser likevel til ulike samlingar innafor, sa han.

Ove Myklebust repliserte at det uansett kan vere viktig at det kjem eit pusterom fram til fastlandssambandet er realisert, at ein koplar alle strategiar og får styrka bulysta.

Ryggen mot veggen

Bjørn Flatøy frå ytrelista slo også fast at dette dreier seg om noko langt meir enn skuledebatt.

– To bedrifter har sagt klart i frå kva dei meiner. Øyane står med ryggen mot veggen når saka står som dette, sa Flatøy, og bad dei folkevalde om å setje seg inn i situasjonen.

Inge-Jonny Hide (H) slo fast at tala sin tale er tydeleg. Barnetala stuper, og tilbodet er truga.

– Diskusjonen åleine hemmar bulysta. Kanskje kan vi sjå om vi finn ein robust modell der vi har tilbod sjølv med små kull. Vi må leite med lys og lykter, sa Hide, og bad om å sjå på moglegheitsromet.

– Vi skal spare pengar

Camilla Auflem Vik minna om at det er kommunen sjølv som har fastsett konkrete innsparingstal på 4 mill. kr.

Elles i diskusjonen antyda Olav Myklebust at ein kanskje bør sjå på interkommunalt samarbeid i relasjon til skulesaka. Han peika på at det for Gjerdsvika krins sin del kan vere aktuelt å tenkje interkommunalt samarbeid i skulesaka.

Det siste meinte ordførar Dag Vaagen (H) ikkje kunne eller burde hindre progresjonen i skulesaka. Han meinte løpet må vere slik at ein no har saka på høyring, og tek sikte på å få opp ei endeleg sak på kommunestyret sitt mai-møte.

Det vart på møtet sagt svært lite om Gjerdsvika skule, ein annan skule som er truga.