I løpet av sommarhalvåret vil fleire liv kome til verda, men nokre vil også gå tapt.

Kolonien på Runde, først i Noreg

I 1946 blei den første kolonien av havsule i Noreg påvist. Kolonien bestod den gong av 4 par som hadde slått seg ned i klippene på Rundefjellet. I dag svermar om lag 9000 fugl fjellet i hekketida, medan rundt 4000 av dei har danna par. Fuglefjellet har tradisjonelt sett hatt ein nedgang av fugl dei siste åra, men havsulekolonien har derimot vore i vekst. Ein av grunnane til dette er nok at havsula kan ta større fisk enn mange andre sjøfuglar, slik som sild og makrell. Fisken får den tak i ved å stupe i havet frå stor høgde. Under stup kan havsula nå ei hastigheit på 100km/t. Mesteparten av fisken blir fanga i havoverflata, men fuglen kan også forfølge byttet under vatnet.

Tøft liv

Havsula hekkar i koloniar med liten avstand til nærmaste nabo. Det er ikkje sjeldan at det oppstår krangling, men strategisk nok er reira ofte plasserte slik at naboane akkurat ikkje når tak i kvarandre dersom oppheita situasjonar skulle oppstå. Dessverre er ikkje brysame naboar det einaste problemet. Eit stadig aukande omfang av tau- og garnrestar i havet fører til at det blir lettare for fuglen å vikle seg fast. Spesielt når den stupar for å jakte er den utsett for dette. Ein stor del av omkomne havsuler til havs blir funne vikla fast i flokar med garn og tau. Eit anna problem er at tauet viklar seg om nebbet på fuglen. Då svelt den rett og slett i hel.

Gode foreldre, enn så lenge

Livet er ikkje berre lett for ungane heller. Når dei er tre månadar gamle forlèt dei reiret. På dette stadiet har foreldra gitt dei så mykje mat at dei rett og slett er for tjukke til å flyge. Medan foreldra no flyg sørover for vinteren, må ungane starte dei første par vekene på reisa ved å ta symjebeina fatt.