Søknaden om offentleg akkord blei framsett for Søre Sunnmøre tingrett tidlegare denne månaden, og  blei godkjend. Samtidig utsette retten behandlinga av to konkurskrav mot selskapet som Hafslund Tiller og Sibelia Invest hadde framsett.

I tingretten hevda dagleg leiar Edgar Sandanger at selskapet var betalingsdyktig om dei fekk gjennomført den planlagde tvangsakkorden.

Gode føresetnader

Sandanger meinte selskapet hadde gode føresetnader for vidare drift dersom dei fekk orden på eksisterande leverandørgjeld. Leiaren viste og til at prognosane for 2018 er positive, og at selskapet har ei realistisk forvening om å få eit positivt driftsresultat for fyrste halvdel av 2018.

Han la også fram ein finansieringsplan for gjennomføring av refinansiering og akkord.

Heldt ikkje fristen

Kravet om akkord er avvist etter at selskapet ikkje har overhalde fristen for å betale eit forskot på 300.000 kroner til dekking av omkostninigane med gjelsforhandlingane. Fristen var 20. april. Retten har ikkje vore villig til å endre verken beløpet eller fristen for forskotsbetalinga, og manglande betaling førte til at søknaden om gjeldsforhandlingar blei endeleg avvist då nytt rettsmøte blei halde måndag.

Advokat Thore Heggem er oppnemnd til styrar av Sunsea-buet.

Retten har òg ved to høve hatt oppe eit konkurskrav mot Sunsea Seafood, som er eit anna selskap i same «familie». Dette kravet er så langt ikkje teke til fylgje av tingretten. Bak dette kravet står fire selskap som Sunsea Seafood skuldar til saman 18 millionar kroner for kjøp av fisk.