Stiv sørvestleg kuling og stor bølgjehøgde gjer at Fallgard og Herøy vidaregåande skule har sett seg nøydde til  å utsette morgondagens (onsdag)planlagde ryddeaksjon på vestsida av Skorpa.

- Sikkerheita til dei som skal vere med, er hovudfokuset vårt. Og vêret er rett og slett for dårleg til at vi trygt kan gjennomføre den planlagde ryddinga på Skorpa, fortel Bjørn Endresen i Fallgard.

Rydda rund Straumane

I staden vil elevane gjennomføre ein større ryddeaksjon på Bergsøya/Leinøya, nærare bestemt frå rundkøyringa på Hjelmeset og i heile området på Gjerneset, Mjølstaneset og innover Straumane.

Herøy vidaregåande skule stiller med meir enn nitti elevar, så her er det mange som vil vere i aksjon.

- Engasjementet til skulen er heilt fantastisk, så dette blir bra, seier Endresen.

Om andre frivillige skulle har lyst til å vere med og hjelpe til, er det berre å møte opp i området onsdag rundt 09.30.