Måndag gjennomførte politiet laserkontroll på fylkesveg 61 på Gurskøya. Nærare bestemt i 80-sona ved Leikong.

Femti køyretøy vart kontrollerte. Resultatet vart at fire av dei fekk utskrive forenkla førelegg. Høgste fart var 94 km/t.

Det var sist veke svært mange fartskontrollar i fylket vårt

Deira oppsummering er at det har vore mykje fin køyring i fartskontrollvek.

Oppsummeringa etter den europeiske fartskontrollveka for Møre og Romsdal viser i hovudsak mykje fin køyring. Likevel vart det alt i alt skrive ut 58 forenkla førelegg før veka var omme.

-  Nesten 60 forenkla førelegg på 17 kontrollar over mange timar er å forvente, meiner Steven Blindheim som er trafikk-koordinator i Møre og Romsdal politidistrikt. 16 av dei forenkla førelegga kom under kontrollen til Utrykningspolitiet på Hjelset i Molde tysdag 17. april og sju i Vikebygda i Volda på laurdag 21. april. Høgaste fart vart målt på Leira på Tustna med 88 km/t i ei 70 sone og på Hjelset med 108 km/t i 80 sona der.  To av kontrollane vart utført av Utrykningspolitiet, dei andre av mannskapa våre rundt om i heile Møre og Romsdal politidistrikt.

Lokalt: Sist veke var det kontrollar på Åheim (2 førelegg), Fiskå (1 førelegg) og på Hareid (1 førelegg).

Målet med fartskontrollveka er å førebygge og avdekke fartsoverskridingar for å redusere talet på drepte og hardt skada på norske vegar.