Russetida er i gang. Både for store og små. Fredag møttest ein del av dei til russedåp i Gnist barnehager Myklebust. 6 blå- og raudrussar frå Herøy vidaregåande fekk den store æren å døype dei små rosarussane vår.  Ein god gjeng foreldre kom og var publikum ilag med dei yngre borna på dei to storebarnsavdelingane.

Etter russeropet var vi klar. "Eg døyper deg til Go`jenta" seier blårussen medan den vesle jenta knip auga saman og smiler i det vasspruten treff ho midt i ansiktet. Ein og ein klatrar dei  oppå stolen så storerussen får døype dei medan publikum ser på. Rosarussen i Gnist Myklebust har fått fløyter, diplom og russeluer. Og skikkeleg kule russenamn. Smiley, Kompisen, Hjelparen, Dino-eksperten, Arbeidskaren, Veittu ka?, Lille My... Og alle seier dei er fornøgde med russenamna. Så er det tid for ein ekte russestrek; å ete ein is på 3 minutt. Heldigvis klarer alle dette og får ispinnen i lua si. Dei store russejentene deler ut russekort og karameller før dei seier "God russetid" til dei små.

Eigen russebil har vi også, "Lynet". Den er det bestefaren til Lurelina som har laga. Vi har mala den rosa og skrive på namna vår. Heilt utan hjelp. Håper alle medrussar får ei like fin russetid som det vi har planar om. Vi skal til Kjeldsund ilag med dei andre rosarussane i Herøy, til Hakallegarden på dagsbesøk, overnatte i barnehagen og mykje anna moro.

Bodil J. Kopperstad, stolt russepresident