Det seier i alle fall rapportane frå Vanylven FK etter serieopninga i Tjørvåg torsdag 19. april.

Torgeir Halsen sette inn både 1-0 og 2-0 før den talentfulle 2003-modellen Simen Sylte Bellen fastsette sluttresultatet til 3-0. Pasninga kom til overmål frå storebror Stian Sylte Bellen, og dette kan raskt bli Bellen-duo som motstandarane må passe seg for i år!

På eit litt nykomponert Tjørvåg-lag vert keeper Frank Håkon Abrahamsen framheva etter kampen. Her var det ein miks mellom yngre og eldre spelarar, der velkjende Preben Hestad høyrer til siste kategori.

Gjerdsvika på Høddvoll

Serieopninga føregjekk på Høddvoll dagen før, nemleg onsdag 18. april. Heimelaget Hødd 3 vann 4-1 over Gjerdsvika/LGFK2 2.

Bastian Rasmussen sende det unge Hødd-laget i leiinga 1-0, men Frants Leine Mork utlikna til 1-1 like før pause.

Etter sidebyte tok Hødd sine tredje beste meir og meir over spelet. 2-1 kom ved Jakob Sætrenes, 3-1 var det Sander Ringstad som sytte for, medan Zakarie Abdi Ushey var mann for 4-1.

Bergsøy 2 fekk det tøft

Bergsøy sine nest beste hamnar naturleg nok litt i skuggen av førstelaget (ikkje minst i desse dagar!), men laget kan verte ein av utfordrarane i toppen av 6.-divisjon avdeling 3.

I serieopninga heime på Havila Stadion Fosnavåg laurdag vart dei likevel slegne av Hasundgot. Scoringar av Ruben Hauge Muren og Sebastian Moldskred Kleven - begge før pause - ordna siger 2-0 til Hasundgot.

Trippel Oddbjørn Aam!

Noko anna det kan vere grunn til å merke seg, er at Oddbjørn Aam (Åmdal IL, Ørsta Fotball) faktisk dømde alle dei tre første kampane i denne avdelinga i år! Det var sjølvsagt mogleg fordi kampane gjekk på ulike dagar.

Neste runde i 6.-divisjon (etter at Larsnes trekte laget frå 11-arserien) er:

25.04.: Gjerdsvika/LGFK 2 - Hareid 2 (tips: H).

25.04.: Hasundgot - Tjørvåg (tips: H).

26.04.: Hødd 3 - Vanylven (tips: B).