Det har gjennom fleire år vore mange utgreiingar og lokale diskusjonar. Vanylven kommune og Vanylven Utvikling har vore mellom dei fremste pådrivarane. No er planen for bygging av Rovdefjordsambandet ferdig og overlevert til fylkesordførar og fylkesrådmann i Molde. Sambandet vert heilt unikt:

For fyrste gong nokon stad skal eit nedseinka røyr med sjø rundt på alle kantar fungere som tunnel. Røyret er 230 meter langt. Det skal senkast ned 14 meter, slik at båtane i fjorden med god margin kan gå over røyret. Det nedseinka røyret skal ligge i sundet mellom Saudeholmen og Gurskøya.

I tillegg til den unike røyrtunnelen skal det byggjast ei flytebru på omtrent 1600 meter. Det nye her vert at heile flytebrua skal byggjast i stål. Kleven-gruppa i Ulstein har jobba i fleire år med å konstruere ei stålbru som skal robot-sveisast 100 prosent.

Bompengar og ferjeavløysingsmidlar

Rovdefjordsambandet skal vere sjølvfinansierande. Det betyr at sambandet ikkje skal belaste verken fylkeskommunen eller staten. Prosjektet skal i fylgje selskapet finansierast i all hovudsak med bompengar og ferjeavløysningsmidlar.

Pionerane bak satsinga ser på prosjektet som eit samferdslelaboratorium. Nedsenka rørtunnel med sjø på alle kantar og flytebru i stål er heilt nytt. Det nye er at flytebrua skal byggast med robotteknologi.  Pontongane som tradisjonelt har vore bygde i betong, skal no byggjast i stål.

- Prisen vert betydeleg lavare enn om ein skulle bygge eit konvensjonelt samband, der brua vert produsert i utlandet og frakta til Noreg. Fleire av dei som planlegg andre og meir krevjande fjordkryssingar, fylgjer nøye med på nyvinningane, opplyser prosjektleiar Svein Gjelseth.

Kleven-samarbeid

Kleven-gruppa har brukt fleire år på å konstruere flytebrua i stål. Dei ser for seg at robotsveiste bruer i stål vil over tid verte det vanlege der flytebruer skal brukest til fjordkrysningar. Styrken er minst den same; med robotsveis vert prisen langt lavare.

Rovdefjordsambandet vil verte ein vegvisar for alle dei store og kompliserte fjordkrysningane i Noreg, men truleg også i utlandet.

Prosjektleiar Svein Gjelseth ser på den siste utviklinga, med overleveringa i Molde fredag 13. april, som stort både for folk flest og for norsk og internasjonal samferdsle:

- Dette er eit svært viktig samferdsleprosjekt. Ikkje berre for dei lokale som vil nytte seg av det, men dette vil også vere eit pilotprosjekt for framtidige fjordkrysningar, som truleg vil kunne kome etter med enda meir avanserte løysingar, seier Gjelseth til Vestlandsnytt.

Fakta

  • Rovdefjordsambandet er eit framtidig brusamband over Rovdefjorden mellom kommunane Sande og Vanylven i Møre og Romsdal.

  • Sambandet vert ein del av kystvegen mellom Ålesund og Bergen.

  • Norge har bygd fleire undersjøiske fjelltunnellar dei siste dei siste 35 åra. Men slike tunnelar er ofte plaga med varmgang hjå trailarar, og dermed fare for brann og vanskelege evakueringar.

  • Røyrtunnelen i Rovdefjordsambandet vert rimeligare, og vil truleg brøyte veg for enda meir avanserte løysingar med flytebru og røyrtunnelar.

  • Berekassa av stål vil vere ein stålkonstruksjon på om lag 12-15.000 tonn.

  • Stadt Skipstunnel vert «nabo» til Rovdefjordsambandet i samferdslelaboratoriumet.

(Kjelde: Rovdefjordsambandet)