- Alle politiske karrierer må ein dag ta slutt, seier Goksøyr i ei pressemelding laurdag 21. april.

Her slår Høgre-mannen fast at han gir seg i lokalpolitikken etter kommunevalet hausten 2019.

- Ein klok politikar har sagt at å vinne eitt val er godt gjort. Å vinne neste val er ein prestasjon. Å vite kva tid ein skal gi seg er ein sensasjon, seier Goksøyr.

Goksøyr, som vart råka av kreft i 2017, seier det underliggande med å drive politikk er å ynskje ei utvikling som er bra for fellesskapen. Ei utvikling som er berekraftig og langsiktig.

- Noko av det finaste eg har høyrt er "du jobbar heile tida for andre, og ikkje deg sjølv". Eg tvilar ikkje på at mange er usamde i det. Det varma likevel då det vart sagt, uttalar Goksøyr.

Friheit under ansvar

Han seier han har eit konservativt hjarte som bankar for kjernefamilien og verdiar som har bore folk fram i generasjonar. Friheit under ansvar, like rettigheiter trass ulike føresetnader.

- Eg har aldri vunne valg på grunn av mi utdanning. Kanskje heller den ballasten eg fekk med i oppveksten. Å leve tett på ein far som arbeidde i ei leiande stilling i kommunen. Ei mor, og mange i nær familie som har arbeidd som  sjølvstendig næringsdrivande. Slikt gjer noko med ein, seier han.

Arnulf Goksøyr seier han "trur mange har rive seg i håret" når ting står på spel eller kunne gå feil, eller når kommunen tilsynelatande ikkje har reagert slik nokre meinte ein burde.

- Alt som vert gjort kjem ikkje til overflata. Eg håper mitt varemerke kan vere at eg tenkte roleg når vinden bles opp. At kursen var stødig, at folket hadde tryggheit for at viktige og naudsynte beslutningar vart tatt i rett tid.

Goksøyr legg ikkje skjul på at politikk har blitt veldig personfokusert. Han har fått masse gode tilbakemeldingar, og takkar stort for det.

"Laga av kjøt og blod"

- Også meldingar som ikkje smakar like godt er formidla gjennom ei ukritisk presse. Sjølvsagt slår forsvarsmekanismene inn i ein politikarkropp også. Vi er laga på same måte alle. Kjøt og blod, seier han, og utdjupar:

- Eg beklager at ikkje all kritikk er lest og besvart. Mange av svara kunne danna grunnlag for ein heftig og underhaldande biografi. Fleire svar hamna på peishylla og skal hjelpe meg å huske. Eg er nok utstyrt med ein ørliten porsjon sjølvironi. Den viktigaste forsvarsmekanismen er likevel humoren som kan slå ut på mangt eit vis.

Han ber om orsaking til dei som måtte føle seg råka av hans ironiske tilsnitt, og syner til at det er ein del av hans person.

Næringsliv og kultur, idrett har stått Goksøyr nær å tenke på. Han er særskilt stolt over det Herøy kommune har gjort i omsorgssektoren.

Ordførar siste 15 åra

- Eg har opplevd veldig mykje i politikk og næringsliv. 32 år gamal kom eg inn i kommunestyret for Høgre, i 1995. Frå 2003 til no har eg vore ordførar i ei flott kommune med nydelig natur, eit svært aktivt næringsliv og med eit blømande kulturliv. Mykje er forandra. For min del var eg småbarnsfar då det starta. Den yngste var 5 år, den eldste av tre var 12.  Legg til 24 år og barna har blitt foreldre, og eg og Aud besteforeldre, heiter det i meldinga Goksøyr har sendt ut til omverda.

No meiner han det er på tide å sleppe til nye krefter, nye namn og nye idear, nye løysingar.

- Takk til Høgre som hadde trua på meg og nominerte meg. Til familien mi for støtte i medvind, haglskur og stormkast. Takk til alle som har gjort utvikling av Herøy-samfunnet til ei livsoppgave. Ei spesiell takk til mi kjære Aud som har halde ut med meg og venta i timar, dagar og år, avsluttar Arnulf Goksøyr.