Oppdatering i saka:

Brannvesenet melder kl. 14:20 at dei har kontroll på brannen. Alle etasjar er gjennomsøkte, og ingen personar er i huset. Der er framleis varme på loftet i huset, og brannvesenet har laga hol i taket for ventilering.

Politiet melde om brann i ein takkonstruksjon i ein einebustad i Fosnavåg like etter kl. 13:30 torsdag ettermiddag. Brannvesenet kom raskt til staden og sette iverk røykdykking. Brannen spreidde seg truleg frå pipa, men Vestlandsnytt har fått opplyst at det ikkje skal vere snakk om fyring.