Då Larsnes/Gursken opna heime mot Rollon sist helg, var det ikkje mykje som stemte for sandssokningane.

- Denne gongen flaut det mykje betre. Etter den slakke innleiinga var det ein jamn kamp, der vi hadde ballen mykje og produserte såpass med målsjansar at vi burde ha avgjort dette til vår fordel, oppsummerer spelande trenar Anders Vaagen etter kampen på Godøya.

Den "slakke starten" han viser til, gjeld opningsminutta der Godøy også tok leiinga 1-0. Etterkvart fekk LGFK langt meir kontroll, og det var heilt fortent då måltjuven Tor Jørgen Sætre Kleppe utlikna til 1-1.

Det skjedde etter eit fint oppbygd angrep der Bjørn Vikanes serverte Vaagen, som spelte gjennom hurtigtoget Sætre Kleppe.

Fleire mål vart det ikkje for LGFK. Men både Sætre Kleppe og Martin Haanes hadde store målsjansar. Eitt frispark frå unge John Rekdal og eitt frå Anders Vaagen kunne også ha fått betre utfall. Nærast var kanskje Leiv Sindre Muren som hadde eit forsøk i stanga etter corner.

- Men dette deppar vi ikkje over. No ser vi framover mot neste kamp, sa Anders Vaagen til Vestlandsnytt torsdag kveld.

Og neste kamp, det er heime mot Hareid på River Plate stadion fredag 27. april.