Herøy Sogelag og Kvalsvik grendelag går saman om å arrangere bygdevandring i Kvalsvika fyrstkomande søndag.  Sogelaget har nyleg starta eit prosjekt med bygdevandringar. Dette blir årvisse arrangement framover, og laget satsar på å gjennomføre to i året. I fjor haust var det Moltustranda som var vertskap, og no i vår har turen kome til Kvalsvika.

Kvalsvika gjekk gjennom ei rivande utvikling på 50-talet. Krafta kom i 1951,  bedehuset kom, og skulen kom. Det vart sett opp 2-3 nye hus kvart år,  og på bilete frå denne tida ser ein nye murar og utgrevne tomter nær sagt over alt i bygda. Men i fylgje dei som bur her, er det ein ting åleine vi har å takke for denne rivande utviklinga – og det er bygginga av moljen. Utan denne, inga bygd i dag? I alle fall ei bygd som hadde sett svært annleis ut. Bygginga vart sluttført i 1946,  etter at planlar hadde lege føre sidan seint på 1800-talet. Arkivet til Kystverket er ei gullgruve for å fylgje utviklinga fram til ferdigstilling, og fyrst og fremst er dette ei soge om å halde ut, og ikkje gje seg!

Vandringa startar  i Moljekroken, og med kjentfolk som forteljarar kjem vi til å stoppe opp i Ørneskylet, på Skjellingsneset , ved Tarestålet, geitefjøsen til Knut Olav – og sjølvsagt  i Renneskjitjøtta! Etter vandringa samlast vi i Olafløda hos Bjarne Kvalsvik for fellesarrangement med filmframsyning.  På denne framsyninga får vi mellom anna sjå gamle opptak med kjente ansikt frå bygda. På 80-talet vart det gjort filmopptak av ho Marie i Karlagari, ho Guri oppi Rinda, og han Ivar i Olafgari.  Desse opptaka vert nok eit gledeleg gjensyn for bygdafolket. Det blir servering av kaffi og kaker, og vi ynskjer alle som har lyst til å vere med på denne vandringa hjarteleg velkomne! Sjå òg annonse i fredagsavisa.