Ny utsetting i tingretten:

Sunsea vil ha gjeldsforhandlingar

Søre Sunnmøre tingrett har utsett behandlinga av eit konkurskrav mot Sunsea As. Konkurskravet, som er framsett av Hafslund Teller As, blei teke opp i tingretten mandag.

Arkivfoto: Sunsea Safood AS  Foto: Endre Vorren

New Articles

Kravde tvangsakkord

Der møtte dagleg leiar Edgar Sandanger og sette fram krav om tvangsakkord. Sandanger hevda at selskapet er betalingsdyktig førutsett at ein tvangsakkord blir gjennomført.

Denne påstanden betvilte saksøkjaren sin advokat, og viste til at Sunsea ikkje har framlagt dokumentasjon på at selskapet ikkje er betalingsudyktig.

Forsøk på favorisering

Derimot hevda advokat Hege Robudal Stenkløv at akkordkravet ikkje var anna enn eit forsøk på å favorisere andre kreditorar. Dette grunngav Stenkløv med at den største kreditormassen er selskap der dagleg leiar med fleire er deleigarar, og at tvangsakkorden framstår som eit forsøk på at desse skal få mest muleg på kostnad av eksterne kreditorar.

Stenkløv kunne ikkje sjå at dokumentasjonen som blei framlagt under rettsmøtet viste korsleis ein tvangsakkord kan finansierast. Difor meinte han at forslaget til tvansakkord framstod som høgst uklart.

Retten viser til at ifylgje konkurslova skal behandling av eit konkurskrav utsettast fram til kravet om opning av gjeldsforhandlingar er tilbakekalla eller rettskraftig avslege, innstilt eller avslutta. Deretter vil retten ta saka opp til avgjersle utan ytterlegare rettsmøte.

Eit anna konkurskrav, retta mot selskapet Sunsea Seafood, vil bli teke opp til avgjerd med det fyrste. Også der er det eit spørsmål om selskapet er betalingsdyktig eller ikkje.