Bergsøy møter AaFK på heimebane i fyrste NM-runde.

- Håpar det blir ein folkefest

Onsdag 18. april tek Bergsøy imot AaFK for eit heidundrande lokaloppgjer i fyrst NM-runde.

Bergsøy  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

– Eg er utruleg glad for at vi får møte Ålesund. Dette kjem til å skape liv på Havila Stadion Fosnavåg, eg gler meg, seier ein nøgd Bergsøy-trenar, Toni Sandanger.

Kampane i 1. runde NM menn blei offentleggjorde fredag ettermiddag.

– Trur vi kan slå Ålesund

Sandanger har ikkje slagplanen klar endå. Han seier at å møte Aalesund 2 til seriestart vil bli ei god oppkøyring til kampen og at han skal kome opp med ein taktikk som skal skape trøbbel for bortelaget.

– Eg trur vi kan slå AaFK, seier ein optimistisk trenar.

Håpar på folkefest

Bergsøy håpar på at flest mogleg folk møter opp på stadion for å lage ein skikkeleg folkefest og ta imot ålesundarane.

– Det hadde også vore kjekt om naboklubbane kunne tenke seg å kome og støtte oss, avsluttar Sandanger.

Same dag er det også stor cupkamp på Volda stadion då heimelaget møter Hødd.