Fire skular kjempar om å bli best i Møre og Romsdal i fylkesfinalen i Klassequizen på NRK. Tiandeklassingane frå Helland, Halsa, Volda og Ytre Herøy har vist seg som dei mest kunnskapsrike i dei innleiande rundane på NRK radio, heiter det i ei pressemelding

Onsdag skal dei fire tremannslaga konkurrere på radio og på nett-TV. Dei to beste laga går vidare til landsfinalen i Oslo.

Vinnarar til nasjonal finale

Dei to fylkesvinnarane får 5000 kroner kvar. Dei får ein tur til Oslo, der dei blir Møre og Romsdal sine representantar i den nasjonale finalen. Selda Ekiz er leiar for programma på NRK1 fem laurdagar i april og mai. I fjor hadde den nasjonale finalen 800 000 sjåarar.

På landsplan får årets skarpaste tiandeklassingar eit trofé, og besøk av mP3 og Martin Holmen på skulen sin.

Det er sjette gong NRK arrangerer Klassequizen. I løpet av vinteren har elevar frå førti skular i Møre og Romsdal kjempa på radioen om å bli fylkets smartaste tiandeklassingar.

TIDLEGARE FYLKESVINNARAR:

2017: Haramsøy skule

2016: Helland skule

2015: Smøla ungdomsskole

2014: Halsa barne- og ungdomsskole

2013: Smøla ungdomsskole