- Det verkar som at skogbrannen er under kontroll. Det stadfestar brannsjef i Sande, Kjell Martin Vikene. Brannvesenet kjem til å drive ettersløkking og overvaking i kveld.

Vestlandsnytt sin journalist på staden kan rapportere om at det var brårebrenning i nabogarden. Den kom ut av kontroll. Denne skal ha starta ein brann i ei løe som er brend ned.

Verdiar tapt, men berga bustadhus

Det har gått med verdiar i brannen, då det i løa var fleire køyretøy og ein del utstyr. Brannvesenet klarte å berge bustadhuset som var på garden. Sande sin nye brannbil var medverkande til at sløkkingsarbeidet kom raskt i gang, fortel vår mann på staden. Det er mindre brannskader på huset.

Fekk hjelp

Brannvesen frå både Sande, Herøy, Hareid og Ulstein deltok i sløkkinga. Frivillige hjelpte også til.

Det var ikkje fare for at andre bustadhus.

Ei utfordring med sløkkingsarbeidet var at brannvesenet måtte hente vatn frå havet som er 300 meter frå staden der det brann.