På standplass Foto: Dag Helge Bjørkedal

Samlinga var på Løkemyra skytebane, som er bana til Moltustranda og Larsnes skyttarlag. Det var 20 unge skyttarar frå fleire skyttarlag på Søre Sunnmøre som deltok, i tillegg var det med foreldre, instruktørar og ein stor dugnadsgjeng, totalt var det 45 unge og vaksne samla.

Samlagsinstruktørane Torill Lystad og Anita Lystad gav skyttarane først ein teoretisk gjennomgang av kva feltskyting er, kva type blinkar ein skyt på, anvisning av treff, våpensikkerheit og skytestilling, og korleis ein skal kle seg i all slags skyttarvêr. Etter dette var det skyting på ulike feltblinkar, med god instruksjon undervegs. Feltskyting er utandørs uansett vêr, og laurdag var det kaldt med nokre få minusgrader og lett snø i lufta. Det var likevel god stemning og godt humør, både på dei deltakande skyttarane og dei som var med som instruktørar og publikum ute. Men det var godt å få kome inn etter skytinga og få seg kakao, te eller kaffi, og varm pizza.  Det å drive med skyting er så kjekt at ein av skyttarane valde å delta på samlinga på 13 års dagen sin, og dette blei feira i samlinga med kake med lys på. Det var ein kjekk og lærerik dag med god stemning, der både skyting og sosialt samvær hadde fokus.

No er dei unge skyttarane klare til å delta på ulike stemne i feltskyting, før banesesongen startar for fullt i mai!