Olaug Lillian Bjørke vil delta med informasjon og vitnesbyrd, song og musikk. Åpne Dører er ein internasjonal organisasjon som arbeider til støtte for forfølgde kristne. Målsettinga er å styrke og utruste kristne brødrar og systrer som blir forfølgde på grunn av trua si, og å oppmuntre dei til å vere med og spreie evangeliet vidare. I tillegg til bibel- og litteraturarbeid, støttar Åpne Dører kristen mediemisjon, driv leiaropplæring og gir humanitær hjelp. Her i Noreg ønskjer Åpne Dører å kalle kristne til å identifisere seg med sine forfølgde søsken, og til aktivt å støtte og be for dei. Du er varmt velkomen til Kyrkjelydshuset denne kvelden. Olaug vil dele med oss frå nokre av landa på årets Forfølgelsesliste (World Watch List), og ho vil også gi oss ferske glimt frå Egypt. Kom og bli informert & inspirert!  La oss stå opp for dei som deler trua vår, men ikkje har same fridom som oss til å leve den ut.