(pressemelding)

Heile 39 prosent av alle vestlendingar legg ut bilde av andre utan samtykke. Det kjem fram i ei ny undersøking Norstat har gjennomført på vegner av Codan Forsikring.

Undersøkinga viser på landsbasis at halvparten av unge vaksne, die mellom 18 og 29 år, legg ut bilde av venner i sosiale medium utan å spørje om samtykke. I overkant av ein fjerdedel mellom 30 og 44 år gjer det same.

Det er også mange som legg ut bilde av barn i familien utan å spørje om lov i forkant. 15 prosent av dei mellom 30 og 44 år oppgir at dei har gjort dette.

Åndsverklova og Personopplysningslova er tydelege på når ein må be om samtykke før publisering på nett. Hovudregelen er at du alltid skal be om samtykke av alle som direkte eller indirekte kan gjenkjennast på eit bilde før det publiserast. Viss du deler bilde utan lov, vil du i verste fall kunne hamne i straffeansvar.

Vestlendingar er verstingar

Av die ulike regionane i Noreg er det vestlendingane som har dei dårlegaste vanene på sosiale medium når det kjem til respekt for personvern og publisering av bilde utan samtykke. 39 prosent av alle vestlendingar legg ut bilde av andre i sosiale medium utan å spørje først. Det er fem prosentpoeng over landsgjennomsnittet. Mellom vestlendingane er det 14 prosent som deler bilde av barn i familien, 28 prosent av venner og 15 prosent av kjærasten utan å spørje om lov.

Bilde på ville vegar skapar problem

Bruken av sosiale medium aukar, og våre vanar endrar seg. Desse endringane fører til nye problemstillingar.

– Det er eit faresignal når så mange som 34 prosent legg ut bilde av andre utan å spørje om lov først, og dermed ubevisst bryt lova, seier Stefan Langva, administrerande direktør i Codan Forsikring.

– Altfor mange opplever at det vert delt bilde av dei på nettet utan samtykke. Verken den som legg ut eller dei som er avbilda veit kva desse bilda vert brukte til eller om dei vert distribuerte vidare, og det bekymrar meg.

Øydelagt liv

Codan jobbar med å vurdere risiko og farar kvar einaste dag, og er oppteken av å fortelje om konsekvensane.

– Vi ser at deling av bilde er eit aukande problem. For dei som legg ut bilde kan det føre til dommar for spreiing, og for dei som blir avbilda kan det føre til et øydelagt liv. Vår undersøking stadfestar at nordmenn framleis har for lita bevisstheit om kva som er lov når dei publiserer bilde eller videoar av andre på nett, seier Stefan.

Han får støtte av Nelli Kongshaug, leiar for «Kors på halsen», som er ei samtaleteneste for barn og unge under 18 år.

– Vi blir dagleg kontakta av barn og unge som har opplevd at bilde av dei har blitt delte utan samtykke. Det er ei ekstrem sosial belasting for dei det gjeld, særleg når bilda er av sensitiv karakter, seier Nelli.

Over 300 000 har noko dei vil ha fjerna frå Google

Undersøkinga viser også at 330 000 nordmenn (åtte prosent av befolkinga over 18 år) har informasjon eller bilde av seg sjølv som dei vil ha fjerna frå nettet. Éin av fem mellom 18 og 29 år svarer at det ligg søkbare bilde eller informasjon om dei på nettet, som dei helst skulle ha fjerna. Blant dei eldre som svarte på undersøkinga er andelen mindre.

– At bilde og anna kan spreie seg veldig raskt er det ingen tvil om. Også ting man ikkje ønskjer skal spreie seg. Vi veit at det skaper problem, seier seniorrådgivar i NorSIS, Bjarte Malmedal.

Veit ikkje kva som finnast om dei på nett

Mange er ikkje så "trygge" som dei trur. 21 prosent av alle spurte i undersøkinga svarer at dei ikkje veit om der ligg uønskt bilde eller informasjon om dei tilgjengeleg på nett.For dei som er uheldige og har blitt utsette for nettkriminalitet eller ønsker å få fjerna informasjon eller bilde av seg sjølve på nettet, finnest der fleire løysingar. Ei av dei er ID-forsikring.

– Vi har sett at nettkriminalitet er eit aukande samfunnsproblem, derfor får kundane våre automatisk ID-forsikring hos oss, seier Langva.

Fakta om undersøkingaDatainnsamling ble utført i perioden 23. - 30. januar 2018 i Norstats omnibus på web. Eit utval på 1010 respondentar, som er representativt for befolkninga, svarte på undersøkinga.