Herøy kommune skal satse på turisme. Det er opplyst og vedteke. Korleis denne turismen derimot skal gå føre seg, har det ikkje vare så mykje snakk om. Kommunen vår har bestemt at berekraftsmåla skal stå sentralt i alt me føretek oss. Det er veldig bra! Til dømes legg berekraftsmål nr 15, Livet på land, klare føringar for korleis me skal iverksette umiddelbare og omfattande tiltak for å redusere øydelegging og redusering av ulike habitat, stanse tap av biologisk mangfald, verne trua artar og hindre at dei skal døy ut eller korne til skade. Dette gjeld også husdyr så vel som ville dyr og fuglar. Klar tale!

Til Runde kjem det tusenvis av turistar kvart år. Det er kjekt å få vise gjestar den storslagne naturen vår. Me er svært stolte av den. 100 fastbuande på ei lita øy er vertsskap for menneske frå inn-og utland. Nokre få av oss har satsa nettopp på turisme, og håper å få ha levevegen der. Her er campingplass, gjestehus og leiligheiter på Miljøsenteret samt private som leiger ut. Masse plass. Vert det stundom for lite, er der alltids andre stadar i kommunen vår som kan ta mot turistane; både på Leine, i Kvalsvika og på Jensholmen. Dessutan finst der hytter og rorbuer rundt omkring i området.

Men kva skjer?

Kvart år ser me at bilcamparar søkjer seg vekk frå campingplassane. Dei vil stå fritt, med utsyn mot båra, brua eller solnedgangen. Det er forståeleg nok. Men- det stoppar der. Desse turistane legg att så mykje søppel, matavfall, flasker, bokser og avføring at områda der dei oppheld seg vert farleg å ferdast på både for folk og dyr. Særleg for husdyr på beite kan dette vere farleg.

Nærveret av og spor/etterlatenskapar etter fricamping er ei utfordring for berekrafta i turismen: Folk som kjem for å oppleve Runde er i stor grad folk som søkjer rein natur, og det skal ikkje mykje til før kvaliteten på denne opplevinga vert skada eller borte. Så veit me også av erfaring at forsøpling er sjølvforsterkande: Ein plass kan vere rein i lange tider, straks det vert liggjande noko igjen der, hopar det seg opp.

Allemannsretten er sterk. Men paragrafane 15 og 16 i Friluftslava kan gi kommunen løyve til å nekte slik adferd på pressa område. Runde er absolutt eit slikt pressa område. Me vil derfor be kommunen om å stenge for fricamping på Runde, slik at turistane KUN nyttar dei tilrettelagde stadane for parkering. Er der fullt, kan andre campingvertar i området vere behjelpelege.

Kan ordføraren hjelpe oss med å få stoppe fricampinga på Runde?

Dei siste åra har det teke seg opp med telting oppe på platået på Rundafjellet. Sidan mykje her er freda, og andre stadar er lite eigna til teltplass, set turistane opp telta i, eller ved stien. Her kjem også allemannsretten inn. Men i Friluftslava paragraf 9 står det at telting ikkje skal vere «utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre». Eller som dei sa i SNO (Statens Naturoppsyn i Trondheim) : telta skal ikkje vere til sjikanøs trengsel for andre.

Når du går på fjellet og risikerer å snuble i teltpluggar, trakke i etterlatenskapar av ymse slag eller må gå ei runde inn på det freda området for å korne unna telta, ja, då er dei verkeleg til sjikanøs trengsel for andre.

Me på Runde vil gjerne ha forbod mot telting på og ved sti på fjellet og sjølvsagt i dei verna områda.

Me vil be ordføraren, i dialog med statsforvaltaren, sjå på kva som kan gjerast for å ordne på dette. Det må leggjast til at i og ved stiane er det mange små habitat som kan korne til skade ved slik telting. Dette er ikkje berekraftig turisme! Runde har vorte ein heilårsdestinasjon. Derfor bad folket her om eit toalett i Goksøyra som nettopp skulle vere heilårsope. Det vart i kommunestyret vedteke å bygge eit toalett av same slaget som står i parken i Fosnavåg. Dette har enno ikkje koMe. Me finn det underleg at ei kommune som skal satse på turisme, ikkje legg ting til rette der turistane verkeleg ER. Det er svært viktig at dette toalettet kjem opp snarleg råd. I skrivande stund er toalettet som står der enno ikkje opna for «sesongen». Ein sesong som her med oss varer heile året. Vil ordføraren sjå til at dette no endeleg vert bygt- og kan stå ferdig til vinteren 2022-2023?